Eivind Karlsbakk (38) starta si lange fotballkarriere Stryn. Etter opphald i Stryn, Sogndal, Brann, Bryne, Åsane og Mandalskameratene stod han bokført med ei rekkje landskampar i aldersbestemt fotball. Mellom anna fekk han med seg 15 landskampar på U-21.

Tysdag var han tilbake der det heile starta, på Stryn stadion. Ikkje som spelar, men som far for Daniel (10) og Tuva (7) i Flo Aktivitetsveke.

-Kjekt å ha med seg borna her. Daniel er allereie blitt godt kjent med Sander (Tenden) og Lukas (Leirgulen), seier Eivind. Familien er no busett på Bryne der den tidlegare spissen jobbar i bankvesenet.

-Eg får stetta fotballinteressa som trenar for Gutar 10 i Bryne. Der opplever vi eit godt fotballmiljø i ein attraktiv klubb med stort nedslagsfelt, seier Karlsbakk.