Etter ein heller dårleg start på verdscupsesongen tysdag, med 12. plass til Johannes og 53. plass til Tarjei på 20 kilometeren, var det ei viss spenning før torsdagens stafett.

Men Tarjei gjekk ein solid tredje etappe, og Johannes følgde opp på siste etappe. Begge brukte berre eitt ekstraskot på sine etappar.

Vetle SjaastadChristiansen gjekk første etappe, medan Sturla Holm Lægreid gjekk den andre.

Tyskland tok andreplassen, 43,9 sekund bak det suverene norske laget. Frankrike vart nummer tre, 1.05,9 bak Norge.

Laurdag står sprint på programmet, søndag er det fellesstart.