20-åringen opna med to bom i verdscuprennet, før den andre og tredje skytinga gav fulle hus. Etter den tredje skytinga låg ho blant dei 30 beste.

To bom vart fasit på siste ståande skyting, og det var ein dyktig sliten Markaneløpar som gjekk i mål.

Hjelmeset Kirkeeide vart til slutt nummer 43, 4.20,3 bak vinnaren Lena Häcki-Gross frå Sveits.

Beste norske vart Juni Arnekleiv på femteplass.