Det har vore to trafikkuhell i tunnel i Stryn torsdag ettermiddag. Like etter klokka 12 støytte ein personbil inn i eit vogntog i Stavnestunnelen mellom Stryn og Loen. Ein snau time seinare skal det same ha skjedd i Tyvanestunnelen mellom Loen og Olden. Det er ikkje meldt om personskadar etter desse trafikkuhella.

- Det er utelukkande snakk om materielle skadar. Dette er typisk der eit stort vogntog og personbil møtast i trang tunnel. Dette skjer jamt og trutt, seier lensmann i Stryn Lasse Trosdahl.

Les også: Tunnelane er klassiske trafikkfeller

Ein av dei som var involvert torsdag, var ein lastebil frå Flåten Termotransport.

- Vi køyrer desse tunnelane fleire gonger om dagen og det er med hjartet i halsen kvar gong, seier leiar av Flåten Termotransport AS, Ragnvald Flåten.

Les også: Drøftar tiltak