Som rådmannen hadde tilrådd vedtok eit samrøystes formannskap følgande høyringsuttale; - Grensa mellom Stryn og Hornindal blir justert når Hornindal blir ein del av Volda kommune. Stryn kommune vil tilrå at grensa blir justert slik at ny grense føl fjellkjeda mot nord mellom Stryn og Hornindal frå Gulkoppen til Kjøsahammaren og noverande grense mellom Eid, Stryn og Hornindal mot sør.

Ros til rådmann, ris til redaktør

Formannskapet innleia saka med ros til rådmannen for ei grundig og fagleg vurdering. Ordførar Sven Flo nytta og høve til å kritisere leiarartikkelen i Fjordingen tysdag.

– Redaktøren seier implisitt at Stryn og Hornindal ikkje snakkar saman om denne saka, men det har vore ein løpande dialog og ein har enda opp med ulike vurderingar. I staden for ein reell refleksjon av saka så legg redaktøren i staden opp til eit debattklima som ingen er tent med, sa Flo.

I vurderinga frå rådmannen vart det lagt vekt på at kommunegrensa blir ei fylkesgrense og ei føretaksgrense.

Grense Formannskapet vil ha ei grense som føl fjellkjeda frå Gulkoppen til Kjøsahammaren. Foto: Steinar Lødøen

– Dei to alternativa som Fylkesmannen ynskjer at kommunen skal uttale seg om, bygger begge på argument knytt til praktiske og geografiske tilhøve, skriv rådmannen i si vurdering som refererer til innbyggarundersøkinga som er gjennomført.

– For innbyggarane er Stryn om lag likestilt med Hornindal når det gjeld handel, arbeidsstad og bruk av kultur- og fritidstilbod. Det er noko variasjon etter kvar folk bur, alder, kjønn, men det store bildet er likevel at innbyggarane i området forholder seg jamleg til Stryn i kvardagen, nokre (14 %) også når det gjeld kommunale tenester, skriv rådmannen.

– Ei logisk, geografisk grense

– Denne grensa vil samle Maurset-grenda i ei kommune og den vil samle grenda som vi oppfattar i mange samanhengar strekkjer seg frå Isbakken lengst aust i Markane til og med Kjøs/Kongsvik, skriv rådmannen som meiner ei justering ikkje vil ha vesentleg å seie i høve forvaltning og økonomi.

– Området Markane/Kjøs er og vil bli eit viktig trafikknutepunkt for Indre Nordfjord og Sogn og Fjordane. Vi vil hevde at dette området er viktigare for Stryn, Nordfjord og Sogn og Fjordane enn for Møre og Romsdal, heitte det mellom anna i vurderinga av saka.

Saka skal vidare i kommunestyret.

Les også: Hornindal med grensealternativ