Rådmannen har tilrådd riving av den gamle delen av utstillingshallen. Formannskapet skal handsame saka onsdag.

Saksbehandlar i Stryn kommune, Ellen Kirkeeide, refererer til tidlegare kommunestyrevedtak som føreset at ein avtale mellom kommunen og brukarane kjem på plass i samband med driftskostnadar og istandsetting viss bygget, som er i dårleg forfatning, skal bevarast.

Ifølge saksframlegget skal det ha vore fleire møte mellom partane for å bli samde om ein avtale, utan hell.

Kommunen skriv at dei har kome organisasjonane i møte med å tilby tilbakebetaling av ein relativ del av opprustingstilskotet dersom dei ikkje klarar dei økonomiske forpliktingane sine, eller av andre grunnar må gå bort frå avtalen før avtaleperioden er omme.

Fjordhestlaget meiner kommunen ikkje har utført nødvendig vedlikehald på utstillingshallen på mange tiår og finn det difor ikkje riktig at laget skal gå inn med 250.000 kroner til istandsetting og vedlikehald.

Brukarane av hallen meiner det er naturleg at kommunen yter støtte til husdyrhald i Stryn og skaffar ny lagleg stad for etablering og yter økonomisk stønad i ein storleik tilsvarande spart opprusting og verdiauke av dagens tomt om bygget blir rive.

Følgande vedtak er tilrådd:

Den gamle delen av utstillingshallen (aust/vest) vert riven saman med resten av bygningen. Kostnadene med dette kan dekkast av midlane som er sette av til istandsetting.