Som omtalt tidlegare må dammen ved Holevatnet forsterkast. For å førebu arbeidet på dammen må vegen opp til Holevatnet rehabiliterast for å tole betongbilar og anleggstrafikk neste år.

Stryn kommune varslar om at arbeidet begynner alt neste veke og vil sete preg på tilkomst og parkeringsplassar på Tonningssætra og bruene over Vikaelva.

- Det vil bli anleggstrafikk og støy frå gravemaskiner, dumparar og lastebilar. Arbeidet vil bety tidvis stenging av bruene over Vikaelva då desse skal både utvidast og forsterkast. Vi vil avslutte arbeidet klokka 17. i vekedagane og det vil ikkje vere arbeid i helgene, seier prosjektleiar og prosjektingeniør i Stryn kommune, Hanne Vangen.

Ny bru før sommarferien Vangen opplyser om at denne brua over Vikaelva blir erstatta av ei ny bru med seks meters breidde, utstyrt med rekkverk. Brua skal stå ferdig før sommarferien. Foto: Roger Oldeide

- Vi kjem til å etablere ei gangbru som folk kan nytte når den nye brua blir bygd, legg Vangen til.

Vegen skal etter planen vere ferdig rehabilitert innan 15. oktober inneverande år og det er Stryn kommune og Arvid Hatledal AS som entreprenørar. Det er kommunen har ansvar for drift av denne vegen som ligg på privat grunn.

Anleggstrafikk/massetransport vil gå opp til Tonningssætra via gamle Setrevegen.

- Vi vil ikkje stenge vegen, men vi vil ikkje tilrå å nytte denne vegen i arbeidstida i august og september då det vil bli mykje massetransport på denne vegen, seier Vangen.