Nordfjord er inne i ein svært spennande fase der vi opplever at samarbeid og framtidstru har stått sterkare enn nokon gong. Gjennom arbeidet vårt i Superlærling og Nordfjordakademiet har vi sett korleis samarbeid og fellesskap kan løfte heile regionen for å nå nye målsettingar.

Difor har reaksjonane naturleg nok vore sterke i media i det siste etter at administrasjonen i Vestland fylkeskommune har lagt fram forslag til endringar til utdanningstilbodet på skulane våre. Dei vidaregåande skulane i Måløy, på Eid, på Sandane og i Stryn utgjer ein kritisk infrastruktur for ungdomane våre si utdanning og personlege utvikling. Desse skulane er ikkje berre utdanningsinstitusjonar; dei er veksthus for framtida, der ungdommane våre finn og utviklar sine superkrefter.

Dei er fundamentale for å realisere den store visjonen vi har for Nordfjord – å bygge ein sterk og levande region på toppen av Vestland.

Forslaget om til dømes å fjerne godt innarbeidde tilbod innan studiespesialiserande og yrkesfaglege retningar kan ha djuptgåande konsekvensar, ikkje berre for elevane, men for heile lokalsamfunnet. Å svekke slike tilbod i eit lokalsamfunn vil ikkje berre påverke dagens ungdommar, men det vil òg påverke mange andre interessentar som til dømes næringsliv og kommunal sektor. Slikt kan ein ikkje ta lett på, og eventuelle endringar må vere særs godt gjennomtenkt langt ut over fokus på økonomi.

I Superlærling og Nordfjordakademiet trur vi sterkt på krafta av lokal forankring og desentraliserte tilbod. Vi er overtydde om at vi vil tene stort på at ungdommane våre har tilgang til eit breitt og kvalitetsrikt utval av studieretningar nær heimen, i deira jakt på superkreftene sine. Dette styrkar ikkje berre deira personlege og akademiske utvikling, men bidreg òg til å bygge rike lokalsamfunn der folk får lyst til å bygge, bu og skape.

Blant ungdommane våre ser vi aukande fråfall og utanforskap, dette i seg sjølv er argument nok for kvifor det er så viktig med gode og breie tilbod lokalt der ein kan bu heime om ein ynskjer.

Vi oppmodar fylkespolitikarane til å tenke langsiktig og anerkjenne den unike verdien og potensialet i Nordfjord sin fleirkjernestruktur. Det er avgjerande at fylkespolitikarane har tillit til dei overordna utviklingsstrategiane som skal forme framtida til denne spesielle regionen.

Denne strategien legg alle vi som har hjartet i Nordfjord saman, og aldri før har Nordfjord stått så samla. Vi må sikre at dei lokale ungdomane kan delta i å bygge sterke lokalsamfunn, gjennom eit utdanningstilbod som er tilgjengeleg og relevant for deira behov.

Endringar må komme som resultat av gjennomtenkte, langsiktige planar, ikkje som sjokkbeskjedar som set skular og bygder opp mot kvarandre. Vi skal ikkje bla mykje i lokalavisa for å sjå at det er nettopp sjokkbeskjedar einskilte har fått. Vi må stå saman, både innad i Nordfjord og i Vestland fylke, for å sikre at våre unge har dei beste moglegheitene til å lykkast og bidra til vårt fellesskap.

Vi ber fylkespolitikarane om å støtte Nordfjord sin visjon om å bli best i vest og arbeide saman med oss for å skape ein sterk og livskraftig region, der kvar ungdom kan realisere sitt fulle potensial. Det har de alt å vinne på!

Tom-Øyvind Solheim, Supersjef i Superlærling

Tonje Bjerkan, dagleg leiar i Nordfjordakademiet