Interessant at de viser til skrivemåten Gutdal på gamle kart. Men kommentaren: «dette gir ingen mening» skjønar eg ikkje. Det viser jo at forma Gutdal har vore brukt lenge. «Gutdal har vore brukt samanhengande i karta frå 1889 (1917, 1939, 1954, 1973, 1995, 1996 og 2007), medan skrivemåten har veksla mellom Gutdalen og Gudal i matriklane. Skrivemåten Guddal ser helst ut til å ha vore brukt som slektsnamn» (Språkrådet). Den siste matrikkelen frå 1968 skriv Guddal. Unnskyld, men dette er ikkje «kart fra oldtiden», som de skriv.

I matrikkelen frå 1886 og 1907 skriv dei Gutdalen, og det stemmer med den munnlege uttalen gardsnamnet har hatt i lange tider – delvis heilt fram til no. I bygdeboka «Nordfjord fraa gamle dagar til no» frå 1932 står det: «Bygdefolket seier Guttalen (bundi form, og med vigti paa andre stavelsen)». Vivian Guddal, grunneigar på bruk 14/5, opplyser at dei uttalar namnet Guttalen, men at skrivemåten varierer. Men ho ønskjer framleis namnet Guddal. Oluf Rygh skriv i «Norske Gaardnavne» (1919) at uttalen er /gut’dalen/. Sjølv om eg bur på Blakset, har eg høyrt mange uttala gardsnamnet slik, mest av eldre folk.

I stadnamnlova står det at ein skal ta «utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen». Så dei som har gjort vedtaka, gjer berre jobben sin (og får kjeft?). Kvifor er det feil å skrive namnet slik folk har uttala det i lange tider? Eg har fagleg og sakleg vist til kva som er grunnlag for meininga mi, sjølv om de meiner at «KS bastant påberoper seg sannheter som trumfer alt annet på hva som er rett og galt». Eg siterer frå «Bukkane Bruse»: Ta ikkje meg, ta han som er større enn meg (Språkrådet).

Ps: For ordens skuld - eg sit i namnenemnda i Stryn.

Kristian Solvang