Viser til lesarbrev frå Bjørg Sølvi Svidal og Jan Gudmund Skrivervik i partiet Konservativt i Fjordingen tysdag, der dei viser til redaktøren si leiarspalte 22. desember 2023.

I lesarbrevet hevdar Svidal og Skrivervik at redaktøren sidestiller Israel og Hamas, og etterlyser «litt meir undersøkjande journalistikk».

Avsnittet i leiarartikkelen, som det vert vist til, er som følgjer: «Krigen mellom Israel og Hamas er like trist å følgje med på. Uskuldige born og vaksne vert drepne dagleg, fordi vaksne med makt og ansvar ikkje klarer det dei skulle: Leve i fred og gjensidig respekt ved sidan av kvarandre».

Meininga i dette avsnittet stakk ikkje djupare enn å beklage at situasjonen mellom Israel og Hamas fører til at uskuldige born og vaksne vert drepne dagleg. Avsnittet er ikkje å sidestille, det er heller ikkje å ta part eller gå grundig til verks tilbake i historia. Difor ønsker redaktøren heller ikkje bli tolka lenger enn det han faktisk skriv.

Avsnittet var ikkje meint som noko anna enn å beklage at menneske vert drepne. Og det sjølvsagt på begge sider av dei som står i konflikt. For redaktøren er eit menneskeliv eit menneskeliv. Og han meiner at krig er den dårlegaste måten å løyse konfliktar på.

Bengt Flaten

redaktør Fjordingen