Jarle Hessevik har ei meiningsytring i Fjordingen vedkomande Tonningskamben – og «kva no»?

I januar 2022 (over to år sidan) sende styret i Stryn idrettsråd (SIR) ope brev til politikarane i Stryn kommune (kven som sat i kommunestyret då, kjem eg ikkje inn på her). Der hadde SIR-styret sterkt fokus på kva konsekvensar utbygging av Kamben ville føre med seg. SIR-styret fekk liten respons på dette innlegget/ brevet.

I samband med utviklingsplan (samfunnsdel) for Stryn kommune 2023–2035 (høyringsutkast), spelte styret i SIR m.a. inn, i brev til kommunen datert 30.01.23 (over eitt år sidan), at her snarast måtte finnast nytt sentrumsnært areal for ulike friluftsaktivitetar (m.a. til O-kart).

Om det skulle vere heilt «nytt» areal eller «opprusting» i delar av Kamben, overlet SIR-styret til kommunen/politikarane å jobbe med.

Som leiar i SIR torer eg påstå at SIR-styret har prøvd å setje fokus på Kamben – og at i desse tilfella er «NOKON» Stryn kommune v/ administrasjon og politikarane. Kven elles skulle «nokon» vere?

Gunnar Harstad

leiar Stryn idrettsråd