Tysdag 3. oktober kunne ein lese eit svært viktig og aktuelt innlegg frå Vegard Bjørlykke om «rett kompetanse på rett plass» innan helsesektoren. Innlegget fokuserer på mangel på sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, rekrutteringsutfordringar samt korleis ein nyttar helsepersonell på best mogleg vis ut i frå deira kompetanse. Bjørlykke skriv vidare at i Stryn har dei mange ubesette stillingar, og at kostnadar knytt til vikarbyrå i 2022 var på rundt åtte millionar kroner.

Dette er eit utfordring for stort sett heile Nordfjord. Ein treng ikkje bruke lang tid på å sjå i ulike lokalaviser i Nordfjord utfordringane ein står overfor i helsesektoren knytt til kompetanse og bemanning.

I NOU (2023:4) «Tid for handling – personellet i en bærekraftig helse- omsorgstjeneste» kan ein lese at i dag jobbar over 400.000 personar innan Helse- og omsorgstenester i Noreg. Noko som er over 15% av alle sysselsette i Noreg. Samstundes ligg vi på topp i Europa knytt til ressursbruk innan desse tenestene. Vidare kan ein lese at personellets kompetanse og samansetting har endra seg dei siste tiåra, blant anna for å kunne utnytte medisinske framsteg og for å nytte avansert utstyr. Dei framhevar også at mange distriktskommunar i dag står i ein bemanningskrise, og at det har blitt merkbart større utfordringar knytt til å rekruttere helsepersonell dei siste åra.

Om ein ser på utfordringane ein har i dag, syner framskrivingar i NOUen eit endå meir utfordrande bilete i høve det som blir kalla «eldrebølgja». Dette er eit tema som særleg engasjerer StudieHub – Nordfjord Studiesenter. Vekstraten i Noreg for aldersgruppa 80 år og eldre auka med 40.000 personar mellom år 2000 og 2020, og i 2020 var ein ca. 230.000 personar i Noreg i denne aldersgruppa. Forventa vekst i dei komande 20 åra fram mot år 2040 er 250.000 personar til ein total over 450.000 personar over 80 år. Parallelt med denne utviklinga, bremsast veksten i tilgjengeleg arbeidskraft, før den stoppar heilt opp. For første gong i moderne tid, frå midten av 2030-tallet, vil talet på personar i yrkesaktiv alder falle i absolutte tall. Demografiutviklinga betyr altså både ei auke i talet på eldre og en reduksjon i talet i arbeidsfør alder – samtidig.

Bjørlykke skriv i innlegget i Fjordingen at helsepersonell i dag blir brukt til svært mange «ikkje-pasientretta oppgåver», og utan at StudieHubben har noko grunnlag for å bekrefte dette, trur vi også at dette er tilfellet. Vi skal ikkje ha noko meining om korleis eit omsorgssenter eller andre helseføretak organiserer sine arbeids- oppgåver, men det vi ønskjer å fokusere på er «livslang læring», og at ein via lokal fleksibel og desentralisert kompetanseheving kan vere med på å gi kommunane i Nordfjord fleire tilsette med «rett kompetanse på rett plass» samstundes som ein indirekte legg til rette for det StudieHubben har definert som «langsiktig og strategisk rekruttering».

Her er den ufaglærte assistenten Bjørlykke refererer til svært viktig. Dersom ein kan løfte kompetansenivået til assistenten utan formell kompetanse til å få eit fagbrev, ta høgare fagskuleutdanning eller ta ei deltidsutdanning for å bli vernepleiar eller sjukepleiar får ein i framtida både fleire tilsette med rett kompetanse samt ein driv langsiktig rekruttering i kommunane.

StudieHub – Nordfjord Studiesenter samarbeider tett med høgare utdanningsinstitusjonar om å blant anna legge til rette for fleksibel og desentralisert sjukepleiar- og vernepleiar utdanning i Nordfjord. Vi vil oppmode kommunane i Nordfjord til å kompetansekartlegge både assistentar utan formell kompetanse og andre som jobbar i helsesektoren i kommunane, og sjå på moglegheita for å legge til rette for kompetanseheving for dei som ønskjer det.

Dette er «langsiktig og strategisk rekruttering» og kan gjere Nordfjord kommunane betre rusta mot framtida i høve både behov for kompetanse og rekruttering.

Øystein Nes

dagleg leiar Inviro / StudieHub – Nordfjord Studiesenter