Først vil eg takke Flaten for innlegget «Menn må forstå at kvinner ikkje er objekt, men har dei same følelsane og rettane til å bestemme over eigen kropp» som han publiserte på leiarplass i Fjordingen 9. februar. Takk for klar tale og at du oppfordrar til åpenhet om dette temaet. Det er likevel eit par ting eg gjerne vil legge til og kommentere.

Du viser til at det på Dagsrevyen har vore hevda av fleire at porno er ein del av grunnen til valdtekt. Dette er eg glad du trekkjer fram. Eg trur her ligg mykje. Det porno i realiteten proklamerer er at kvinna er eit stykke kjøtt som menn kan forsyne seg av. Ho vert framstilt som eit objekt som skal brukast og ikkje ein person med kjensler og intellekt. Mannen blir framstilt som eit monster som berre er ute etter å tilfredsstille eigne egoistiske og sjuke lyster. Det set eit veldig dårleg eksempel for gutar.

Det både gutar og jenter treng mest av alt er vaksne som er gode, sunne førebilete. Dei treng å sjå at far viser mor respekt. Dei treng vaksne som ikkje snakkar grovt og nedsetjande om kvinner. Som faktisk skrur av tv om det kjem noko upassande opp.

Når det er sagt så er det og andre grunnar til valdtekt som eg meiner bør fram i lyset. Det finst dessverre ein aksept av valdtekt i nokon muslimske miljø. Dette er noko dei fleste veit men likevel vert det teia ihjel i media. Det vert dekka over av frykta for å bli dømt som rasistisk. Då sviktar ein dei som vert offer som følgje av at dette får halde fram. Desse haldningane må slåast hardt ned på. Får vi ein åpen debatt om dette vil også nokon av dei som kjem frå ein slik bakgrunn ha anledning til å fordømme slike gjerningar så vi ikkje tek alle under ein kam. Dette er eit stort og viktig tema.

Så til temaet straff. Du skriv at det heldivis er høge strafferammer for valdtekt. Det skulle eg ønskje var sant men det er langt ifrå verkelegheita. Ifølgje strafferamma kan ein få inntil ti års fengsel for valdtekt. Dette er ti år friheitsfrårøvelse i det eg vil kalle «luksus» fengsel. For nokon som brutalt og nådelaust har krenka og skada eit anna menneske på ein slik måte at vedkomande vil vere sterkt prega av det heile livet og i verste fall få øydelagt livet. Når vi og ser at valdtektsmenn i praksis som regel ikkje får meir enn tre-fire års fengsel eller endå mindre så er det til å gråte av. Ein kan få verre straff av å stjele eit måleri. Det er jo ein nasjonal skatt. Er det ikkje menneska som burde være våre nasjonale skattar?

Verdien på denne jenta som vart valdteken er så uendeleg høg. Det bør straffa og samfunnet sitt svar gjenspegle. Strafferammene bør derfor være langt høgare enn dei er idag.

Mitt ønskje er at vi alle må være vakne, ta vare på kvarandre og være gode førebilete for den oppveksande generasjonen.

Igjen, Flaten, tusen takk for eit veldig godt innlegg.

Sølvi Viola Skinlo

ungdomsleiar i Vonkirka Stryn