Den siste tida har Anders Svor Museum vore gjenstand for mange meiningar og kommentarar. Det har særleg handla om manglande midlar til drift av museet.

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane har stor sympati for saka til Viti, som tok over driftsansvaret frå Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane då Hornindal skifta kommune og fylke, og museet følgde med i 2020. Skal dei drive eit moderne museum må det vere naudsynte ressursar til å løyse oppdraget.

Det kan lett feste seg eit inntrykk av at Musea i Sogn og Fjordane har sikra seg driftsmidlar og stukke av med dei, og overlate Anders Svor Museum til kollegaen i nord i ei elendig forfatning. Tidlegare styreleiar Ola P. Svor kom på bana med eit innlegg i Fjordingen, den 6. desember. Her trengst det litt oppdatering av fakta. La meg difor på vegner av Musea i Sogn og Fjordane presisere følgjande:

Sogn og Fjordane Kunstmuseum dreiv Anders Svor Museum frå 2004. Dette var rein drift, Hornindal kommune har eigd tomt, bygning og samling fram til 2020.

Museumskonsolideringa fann stad i 2010, driftsavtalen mellom Hornindal kommune og Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane er signert 6. desember 2011, og vart sagt opp innan fristen 21. desember 2018, med verknad frå 1. januar 2020.

Hornindal kommune «leverte ikke fra seg» anlegg og samlingar i 2004, slik Ola P. Svor skriv. Kommunen hadde ansvaret for vedlikehald av bygningane heile perioden. Her er avtalen svært tydeleg. Det skal også leggast til her at Musea likevel, på eige initiativ, dreiv vedlikehald av bygget i vår periode, noko som ikkje var vårt ansvar.

Ansvaret for etterslepet på vedlikehald av samlingane låg derimot hos Musea i Sogn og Fjordane. Dessverre er det ikkje eineståande, etterslepet er normalen i museumsnorge.

Musea i Sogn og Fjordane si sesongdrift av Anders Svor Museum perioden 2011 til 20020 må ikkje samanliknast med forvaltninga av heile anlegget og samlingane. Vi har full sympati med vår kollega Viti i deira arbeid med å betre rammevilkåra, men pengane har ikkje forsvunne sør om fylkesgrensa.

Jan Heggheim,

adm. dir. Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane