Kommunestyret handsama tysdag Stryn kommune si innstilling til sal av heliumballongar etter innspel om dette frå elevar frå 5. – 7. klasse frå Nordsida skule.

– Det er viktig å lytte til ungdomane våre. Dette er truleg berre første steg mot fleire tiltak vi kjem til å sjå mot plast i framtida, sa stryneordførar Sven Flo (H)

Kommunestyret vedtok samrøystes interpellasjonen om å "oppmode om at det ikkje blir seld eller delt ut heliumballongar i kommunen"

Stryn kommune vedtek forbod mot sal eller utdeling av heliumballongar på kommunal grunn frå 16. mai 2018, så lenge dette ikkje er i strid med allereie gitt løyve.

Rådmannen får i oppgåve å ta opp spørsmålet om sal og utdeling av heliumballongar ved rullering av politivedtektene.