I kommunedelplanen for Langeset – Stryn – Storesunde vart det avsett nytt næringsareal på Vikaleirane og NSM Bygginvest AS har søkt om 7 dekar der.

– NSM Bygginvest får overta deler av gnr. 46, bnr. 85 på Vikaleirane, areal avsett til næringsføremål til ein pris på kr 120/m², heitte det av tilrådinga til kommunestyret tysdag. Plan- og næringssjef Geirmund Dvergsdal forsvarte tilrådd pris og åtvara mot å setje ned prisen då underprising kan vere ulovleg.

Tvinnereim (V) argumenterte med at utbyggjar allereie har brukt fleire hundre tusen kroner på denne tomta og kom difor med endringsframlegg om ny kvadratmeterpris på vegne av Venstre, Høgre og Senterpartiet;

– kr 25 pr. m² for sjøareal og kr 80 for utfylt grøntareal nord for tomta. I kontrakten blir det sett ein byggefrist på 3 år, foreslo Tvinnereim.

Forslaget vart vedtatt med 19 av 22 røyster.