Spørsmålet om kva som skal skje med den eine delen av utstillingshallen har vore tema i årevis. Tysdag vart saka igjen handsama i kommunestyret.

Les også: - Andre har innandørs ridebane, medan Stryn har eit falleferdig skur

Rådmannen hadde følgande framlegg til til vedtak tysdag:

1: Stryn kommune leiger ut utstillingshallen med parkeringsplass til Indre Nordfjord Fjordhestlag og Stryn Sau & Geit i samsvar med avtale.

2: Om leigetakarane ikkje ynskjer å inngå avtalen slik den ligg føre, vert den gamle delen av utstillingshallen (aust/vest) riven saman med resten av bygninga.

Reviderte avtale i tolvte time

Ordførar Sven Flo la fram ein revidert avtale som endringsframlegg etter å ha vore i dialog med brukarane av hallen så seint som tysdag. Den nye avtalen hadde viktige punkt for partane på andre sida av avtalen.

Mellom anna skal kommunen skifte taket og gjere at bygget framstår som intakt.

Det har vore spørsmål om utgiftene organisasjonane skal ha knytt til dette bygget. Det vart difor lagt inn eit punkt i avtalen som seier at organisasjonane si betalingsevne skal vurderast. I tillegg blir det eit felles ansvar å finne nye lokasjonar om bruken blir bortregulert frå sentrum.

– Om områderegulering for Stryn sentrum konkluderer med anna bruk for området/utstillingshallen skal organisasjonane i samarbeid med kommunen vurdere alternative areal for framtidig bruk, heitte det i eitt av punkta i avtalen som gjeld i 15 år frå vedtaksdato.

Avtalen kan gjensidig oppseiast med 6 månaders frist.

Les også: Må godta avtale dei ikkje har sett

– Veldig positivt at vi vart kome i møte med desse punkta. No blir det møte i laget for å sjå på avtalen, seier leiar i Fjordhestlaget, Britt Eklund.

Leiar i Stryn Sau & Geit, Arne Sølvberg, fortel at kommunikasjonen med kommunen ikkje har vore optimal i denne saka som har gått over mange, mange år. Han er likevel nøgd med avtalen som ligg føre.

- Truleg er avtalen det beste vi kunne få til no. Vi skal ha eit møte i Stryn Sau & Geit for å gå skikkeleg gjennom denne avtalen, seier Sølvberg.