Det meiner i alle fall den røynde toppturentusiasten Frank-Jakob Sandbakk frå Stryn.

Med betre kjennskap til fjella i regionen enn dei fleste, bad vi han om eit tips til ein topptur som kanskje ikkje alle kjenner like godt til.

Han meiner Fedalsnibba på grensa mellom Stryn i Vestland og Stranda i Møre og Romsdal er ein slik topp.

– Denne toppen vil eg karakterisere som ei skjult perle. Fjellet har ei karakteristisk pyramideform bak toppen av den meir kjende Marsåhyrna i Oppstryn. Mange har nok lagt merke til toppen som er ganske markant mot nord om ein ser den frå rv. 15 gjennom Strynedalen.

Ein skitur opp dit byr på mange høgdemeter med mykje variert og artig skiterreng. Ein kan også velje alternative nedfartar, fortel han.

Trygg tur?: Rutene som er omtalt går ikkje i terreng som er over 30 grader bratt (skredterreng) men delar av ruta går gjennom utløpssoner for skred. Unngå difor turen på dagar med skredfare Foto: Frank Jakob Sandbakk

Startpunktet for turen er ved parkerings/snuplassen øvst på Flo. Følg skilting og spør eventuelt lokale om parkering.

– Ein følger så skogsvegen lett opp til Flofjellet. Oppe ved Angelsvatnet har ein Nedre-Flosætra på venstrehand og går flanken opp mot Marsåhyrna.

Opp Flofedalen: Her ser ein Rindalshyrna kneise opp bak til venstre Foto: Frank Jakob Sandbakk

Her får ein eit artig og variert terreng i ein open småskog. Midtvegs i flanken er det to alternativ til topps. Enklaste alternativ er vidare opp til platået på Marsåhyrna og vidare mot den pyramideforma toppen. Her er det litt opp og ned og mindre interessant køyring ned att.

Toppflanken opp mot toppryggen Foto: Frank Jakob Sandbakk

Den finaste ruta både opp og ned er opp Flofedalen. Ein kan følge denne nordover før ein går rett vestover opp den store flanken til topps. Ein kjem då inn på toppryggen frå sør. Her må ein vere obs på store skavlar mot aust og nord så ein bør ha god sikt ved toppstøyten, fortel han.

Vaksen tur: Turen til Fedalsnibba er ca. 7 km lang ein veg. Totalt må ein berekne 4–6 timar på denne turen. Foto: Frank Jakob Sandbakk

Frå toppen har ein panoramautsikt mot Sunnmørsalpane, Jostedalsbreen og heilt ut til kysten.

– Ned att er det berre å nyte aust-flanken som ofte har svært bra snø ned til Flofedalen og vidare ned artig skogsterreng til Flofjellet.

Sidan fjellet er så lite besøkt er det aldri oppkøyrt her. Ver obs på ein del hamrar ned mot elva Fedøla, rår Sandbakk.

Midt på fylkesgrensa: Panoramautsikt frå toppen av Fedalsnibba, her med utsikt søraustover. Oppstrynsvatnet der nede. Her skal ein passe seg for skavlar som kan bli veldig store. Foto: Frank Jakob Sandbakk

Totalt er turen om lag 14 km lang og ein må berekne mellom 4–6 timar tur-retur.

– Ein må studere kartet på førehand og skredfaren må vurderast då både nordre del av Flofedalen og opp frå Nedre-Flosætra kan vere utsett for skred på dagar med skredfare. God tur.

Ruta frå Flo til Fedalsnibba, med alternativ rute. Som ein ser går kommune- og fylkesgrensa på toppen Foto: Kartutsnitt