Det er ekstremveret «Ingunn» som er i kjømda.

Frå onsdag ettermiddag til torsdag morgon er det venta orkan på kysten, og vindkast på 35-50 m/s. Dei kraftigaste vindkasta er venta i ytre strøk frå Stad til Helgeland, opplyser Meteorologisk Institutt.

Det er eit stormsenter som kjem inn i Norskehavet onsdag kveld og går nordover langs kysten av Nordland.

Ekstremveret, som har fått namnet “Ingunn”, er venta å gje sørvest sterk storm til orkan på kysten av Nordfjord, Møre og Romsdal, Trøndelag og Helgeland onsdag kveld.

Vinden aukar først i sør.

Natt til torsdag dreiar vinden vestleg med mogleg orkan i Nord-Trøndelag og Sør-Helgeland. Utover dagen torsdag går vinden på nordvest og minkar gradvis, først i sør.

På kysten er vindkast venta på 40-50 m/s. Medan i indre strøk er lokalt vindkast venta på 30-35 m/s.

Det er også venta kraftige vindkast på gult farenivå på delar av Austlandet og Vestlandet onsdag og torsdag, opplyser Meteorologisk Institutt.

Myndigheitene anbefaler i samband med ekstreveret Ingunn at folk:

  • Held seg inne

  • Følgjer råd frå beredskapsmyndigheiter

  • Følgjer råd frå Statens Vegvesen og sjekkar vegmeldingar (175.no) dersom du MÅ kjøyre

  • Følg råd og sjekk status frå transportaktørar

  • Gjer heimen din klar for eit potensielt lengre straumbrot

  • Ver forsiktig ved ferdsel i strandsona og på sjøen

  • På førehand vurderer tiltak for å avgrense skade

Du finn oppdatert informasjon på varsom.no: https://www.varsom.no/vaervarsling/varsel/137650