Helseplattforma skal innførast i Helse Møre og Romsdal frå nyåret, med såkalla «go live» i slutten av april. Dette er legane sterkt imot.

Overlege Magne Martin Røkkum er ein av arrangørane for fakkeltoget i Volda.

– Våre kollegaer på St. Olav frårår dette fordi systemet framleis har for mange feil og manglar som går utover pasientsikkerheit, økonomi og ventelister, skriv arrangørane i ei pressemelding.

– Vår største bekymring med tanke på Volda sjukehus, er at viktig fagpersonell sluttar. Då veit vi at vegen er kort til diskusjon rundt viktige funksjonar. Økonomien blir lidande, ventelistene vil auke, og det vert nærast uråd å skaffe vikarar utanfor regionen fordi dei ikkje kan bruke systemet, og opplæring tar for lang tid.

– Slik Helseplattformen framstår pr. dags dato, er den ein trussel for godt og trygt spesialisthelsetilbod til befolkninga i heile vår region.

Måndag kveld blir det tilsvarande demonstrasjonar fleire stader i Møre og Romsdal og i Nord-Trøndelag. I Ålesund skriv arrangørane blant anna dette:

«Vi meiner at det første og åpenbare tiltaket er å utsette innføringen i Helse Møre og Romsdal og Helse Nord-Trøndelag inntil St. OIavs er på normalt aktivitets- og bemanningsnivå og helsepersonellet opplever systemet som forsvarleg.»