Hogne Reme bur til dagleg på Hilde i Innvik. Sidan 2005 har arbeidsplassen hans vore Nordsjøen, der han har jobba på fleire felt. To veker på jobb, fire veker heime, året rundt.

I det siste har det blitt stort fokus på Nordsjøen med tanke på sikkerheit og risiko.

– Dronene dukkar plutseleg opp og har kome inn til platformdekket og stått i ro i lufta, for så å forsvinne igjen. Andre observasjonar går på at dei kan halde seg lenger unna og tilsynelatande stå og observere, seier Reme. Foto: Privat

Blitt ei målskive

– Med det dystre bakteppet der vi igjen har fått ein eskalerande og grusom krig i Europa, er plutseleg den europeiske energiinfrastrukturen blitt ei målskive i den pågåande konflikten, seier Reme.

Han legg til at Norge snart er åleine om å forsyne Europa med gass, og at ein må innsjå at nettverket av rør og installasjonar har blitt eit sabotasjemål, sårbare mål med gassrøyr på havbotnen og tunge plattformer som står på høge bein ute i havet.

– For oss som jobbar på desse plattformene, langt til havs og langt vekk ifrå heim og familie, er det lett å bli uroa over det som skjer. Spesielt no når det brått dukkar opp droner som ingen kjenner til eller har sett her ute før. Dette er litt uhyggeleg, seier han.

Stått i ro i lufta

– Helikopter skal ha måtta snu midt under flygeoppdrag når dei har møtt droner, noko som aldri har skjedd før ute i havet, seier Reme, som understrekar at han ikkje sjølv har sett drone, men at dette er noko dei høyrer om og les om.

– Dronene dukkar plutseleg opp og har kome inn til platformdekket og stått i ro i lufta, for så å forsvinne igjen. Andre observasjonar skal gå på at dei kan halde seg lenger unna og tilsynelatande stå og observere. Det oppstår fort rykte om observasjonar og folk les i media at dette skjer rundt andre plattformer og landanlegg og.

Som normalt

Det har også vore spekulert i om dronene kan vere nytta for å skape usikkerheit.

– Vi undrar oss jo over om det er eit psykologisk knep for å skape forvirring og usikkerheit, eller om det er meir alvorlege ting i gjære, seier Reme.

– Men enn så lenge går arbeidsdagen som normalt.

Nordsjøen: Hogne Reme frå Innvik jobbar med boring og brønn i Nordsjøen og har vore på fleire felt. Foto: Privat

Produksjons- og leiteboring

Hogne Reme jobbar innanfor produksjonsboring på faste installasjonar.

– Produksjonsboring skjer i hovudsak om bord på plattformer som står fast på botnen på betongunderstell eller stålunderstell. Ein borar ifrå plattforma og inn i lommer eller soner for heile tida å oppretthalde produksjonen og leveransen ut til marknaden, forklarer Reme.

– Ei fast plattform kan ha opp til 50 aktive brønnar, og dei må heile tida overhalast der ein borar nye løp inn i reservoaret.

Den andre forma for boring på sokkelen er leiteboring, der ein forflyttar seg med flyttbare installasjonar til forskjellige felt og hav for å gjere nye funn.

Stort nettverk av røyrleidningar

Sjølv om mange er knytta til olje- og gassnæringa, er det også svært stor del av innbyggjarane som har lite kunnskap om kva som eigentleg skjer i Nordsjøen.

Hogne Reme forklarer litt i korte trekk:

– I Norge har vi mange plattformer og felt til havs som er bygde ut med plattformer på toppen, der oljen eller gassen blir ført i rør til lastebøyer og båt eller direkte i rør til landanlegg eller til kontinentet.

8.800 km med røyr

Ein har også havbotnanlegg der brønnhovudet står på havbotnen (utan plattformer), der oljen eller gassen blir ført direkte i land til anlegget for produksjon eller vidaresending til kontinentet.

– Alle desse felta, plattformene og landanlegga er tilknytte og dannar eit stort nettverk av undersjøiske røyrleidningar, i alt ca. 8.800 km med røyr, seier Reme.

– Gjennom desse røyra blir olje og spesielt gass ført direkte til kontinentet og ut til forbrukarar i heile Europa.