Stryn Sommerskisenter har bestemt at siste opningsdag blir søndag 17. juli.

– Årsaka er sjølvsagt snømengdene som minker, spesielt i øvste del, seier dagleg leiar ved senteret, Nina Lensebakken.

Anlegget opna 1. juni med store snømengder, men sesongen så langt omtalar Lensebakken som «midt på treet» når det gjeld talet på besøkande.

– Vêret har ikkje vore spesielt bra, så er det ganske irriterande at vêret ofte er betre her enn kva det er meldt, poengterer Lensebakken.

Foto: Roger Oldeide

Ho trur besøket vil kunne ta seg opp dei siste tre vekene.

– Fleire har begynt på ferie no og vi held ope ein del av fellesferien. Vi håpar på godt ver og at folk utnyttar sjansen til å stå på ski dei neste vekene. Når vêret er bra er her mykje folk, seier ho.