Isabell er 44 år og bur i kommunal leilegheit i Bøabakkane i Stryn. Her har ho innreia det skikkeleg koseleg, og frå leilegheita har ho også nydeleg utsikt over Stryn.

Men det er ein ting som manglar i kvardagen: Ei støttekontakt.

No håpar ho at det kanskje kan gje litt fart i sakene å fortelje om det i avisa.

Glimt i auget og kjappe replikkar

Den dagen Fjordingen er innom, har ho besøk av systera si, Kristin. Ho er Isabell si verge, men bur til dagleg på Austlandet. Samman fortel dei om Isabell sin kvardag.

Isabell er ei humoristik dame med glimt i auget og kjappe replikkar på lur. Ho har mange ting ho har lyst til å gjere i lag med ei støttekontakt.

Humoristisk: Isabell er ei humoristik dame med glimt i auget og gode replikkar på lur. Ho har mange ting ho har lyst til å gjere i lag med ei støttekontakt. Foto: Gunnhild Sindre

Fire timar

– Korleis fungerer det når du har støttekontakt?

– Det er fire timar i veka det er snakk om. Og vi kan spare opp dersom vi skal gjere noko som tek lenger tid. Eg har brukt å ha støttekontakt på kveldstid og i helgar.

– Kva har du lyst til å gjere i lag med ei støttekontakt?

– Eg har lyst til å gå på bingo på senteret, på sirkus, dra på bilturar eller ut med rullestolen, pusle puslespel, gå på basar, spele brettspel og halde på med dokkene mine.

Spele spel: Isabell har mange aktivitetar ho har lyst til å gjere med støttekontakta si. Her spelar ho spel med syster Kristin, som til dagleg bur på Austlandet. Dokka Ariel er også med. Foto: Gunnhild Sindre

Brevskriving

Isabell kan både lese og skrive, men ho vil også gjerne at støttekontakta kan hjelpe henne med å gå gjennom teksten når ho skriv brev, så ho er sikker på at det blir rett.

– Og så kyrkjehelga, kjem ho på.

– Eg vart invitert på kykjehelg, men så kunne eg ikkje delta fordi det ikkje var nokon som kunne vere med meg.

Bli litt kjende

No håpar ho at det er nokon som har lyst til å bli støttekontakta hennar.

– Eg håpar at det er ei dame der ute som har lyst til å vere støttekontakt for meg. Det må vere ei som er sosial, og interessert i det eg driv med, seier Isabell, og les på ein lapp der ho har notert ned nokre stikkord.

– Og så håpar eg det kan vere nokon som kan bli ei stund. Så vi kan bli litt kjende!