Det er med stor uro Gloppen Næringsorganisasjon (GN) ser på dei føreslegne endringane i dei vidaregåande skulane i Vestland fylke. Forslaget vil etter vår meining føre til ei rasering av tilbodet ved vår nærskule Firda vidaregåande skule (Firda). Dette angår ikkje berre den enkelte skule, men heile lokalsamfunn og komande generasjonar av unge glopparar.

GN vil på vegne av næringslivet i kommunen jobbe for å behalde studiespesialiserande ved alle skulane i Nordfjord av fleire viktige grunnar.

For det første er studiespesialiserande eit grunnleggjande utdanningsprogram som bør vere tilgjengeleg ved alle vidaregåande skular i fylket. Dette programmet gjev elevane ei solid plattform for vidare utdanning og er ein naudsynt del av det totale tilbodet. Komande skuleår er det gode søkjartal til studiespesialiserande på Firda med 33 søkjarar til 30 plassar.

Vidare gjev studiespesialiserande det breiaste spekteret av fag som er naudsynt for høgare utdanning. Vi ser føre oss ei framtid der samfunnet treng eit mangfald av yrke, inkludert sjukepleiarar, lærarar, ingeniørar og mange fleire. Å tryggje tilgang til studiespesialiserande er difor avgjerande for å møte desse behova. Næringslivet i Gloppen er mangfaldig og vi treng framtidige arbeidstakarar som har starta utdanningsløpet med studiespesialiserande på Firda.

Nærskuleprinsippet er og viktig å ivareta. Mange ungdomar i Gloppen søkjer seg til studiespesialiserande ved Firda, og det er viktig å kunne tilby eit breitt utval av utdanningsprogram lokalt. Det å ha eit tilbod i nærmiljøet reduserer reiseavstand, frigjer tid til fritidsaktivitetar og sosiale nettverk på heimstaden, og det bidreg til å oppretthalde tilknytinga til lokalsamfunnet.

Det blir av enkelte hevda at ein skule treng to parallellklassar for å kunne tilby eit breitt utval av programfag. Erfaring frå andre skular i fylket viser at det er mogleg å gi eit variert fagtilbod sjølv med berre ei parallellklasse på studiespesialiserande. I tillegg har etableringa av nettskulen gjort det mogleg å tilby eit breitt spekter av programfag sjølv ved skular med berre ei parallellklasse.

Å fjerne studiespesialiserande ved Firda vil ikkje berre svekke dette utdanningsprogrammet, det vil òg ha negative konsekvensar for andre studieførebuande tilbod ved skulen. Det vil bli vanskelegare å oppretthalde den faglege breidda ein har i dag, og det vil gå ut over elevane sine moglegheiter til å velje det som passar best for dei.

Til slutt må vi adressere spørsmålet om overkapasitet. Sjølv om det er overkapasitet på studiespesialiserande i Nordfjord, bør løysinga ikkje vere å fjerne tilbodet ved enkelte skular. Det er betre å tilpasse tilbodet til den faktiske etterspurnaden ved å justere tal klassar ved behov. Vi vil og minne om at ved førre skulebruksplan var Firda ein av dei skulane som vart hardast råka og miste to utdanningsprogram og 70 elevplassar.

I over hundre år har Firda vidaregåande skule på Sandane vore viktig for mange elevar frå heile tidlegare Sogn og Fjordane. I like mange år har skulen inspirert ungdom til få tru på eigne talent og eigen kunnskap. Mange av oss hatt gleda av å vere del av dette heilt spesielle miljøet og har fått livslange vennskap på tvers av ei mangfaldig gruppe av idrett, musikk/dans/drama og studiespesialiserande elevar. Firda vidaregåande er meir enn ein skule!

Det er viktig å erkjenne den solide kompetansen som er bygd opp ved Firda over mange år. Å redusere tilbodet vil vere å undergrave denne verdifulle kompetansen og den lange historia til skulen.

Vegen vidare:

I desse dagar skal Hovudutvalet for opplæring bestemme om høyringsforslaget skal sendast ut på høyring. Endeleg avgjerd om dette skjer i fylkesutvalet 4. april.

GN har jobba tett med Firda og kommunen fram til no. Når forslaget blir lagt ut på høyring vil vi jobbe saman med våre 91 medlemsbedrifter, kommunen og andre aktørar for å kome med gode innspel før høyringsfristen går ut i midten av mai.

Gloppen Næringsorganisasjon meiner vi må behalde studiespesialiserande ved alle dei vidaregåande skulane i Nordfjord og vil jobbe aktivt for å få dette til. Vi oppmodar og politikarar, næringslivsaktørar og rektorane i Nordfjord om å finne saman og stå samla. Dersom alle kun tenker på seg og sitt kan vi fort bli ein splitta region, noko ingen er tent med.

Vegar Sårheim

dagleg leiar i Gloppen Næringsorganisasjon