Slik denne debatten har utvikla seg, trur eg det er rett å avbryte. Dette er mitt sluttinnlegg.

Det undrar meg at denne debatten blir så kjensleladd. Eg synest det blir brukt for store ord, ord som «å ta ifrå oss eit namn», at folk «misser identiteten sin», at «dei vise skal forville verda». Då bur det mange identitetslause i Stryn, for fleire gardsnamn og hundrevis av vegnamn er endra i det siste. Ja, vi identifiserer oss med namnet vårt, men alle i Guddal vil framleis ha same namnet! Eg håpar guddølene held fast ved identiteten sin....

Det er lite tvil om at det nederva namnet, er Gutdal/Gutdalen. Det meiner eg er godt dokumentert av fagfolk. Denne regelen kom fordi skrivemåten av norske gardsnamn heilt fram til slutten av 1800-talet var skrivne på dansk. Norsk skriftspråk fekk vi først kring 1900. Men uttalen av namna heldt bygdefolket fast på, derfor er nederva uttale viktig for å finne ein meir korrekt skrivemåte. Jf. Auflem > Avlei. Det var derfor Oluf Rygh fekk i oppgåve å fornorske matrikkelen – eit nasjonalt prosjekt knytta til frigjeringa av Norge, norsk kultur og språk.

Kor stor innverknad bygdefolket skal ha, er ei vurderingssak. Det varierer sjølvsagt frå sak til sak, frå namn til namn. Ja, ein skal ta omsyn til dei som brukar namnet, men det betyr ikkje at dei alltid vinn fram. Så enkelt er det ikkje. Då ville vi ikkje trenge verken namnekonsulent eller namnenemnd.

Eg, som jobbar med stadnamn kvar dag, kan gje haugevis av døme på kor gale det kan gå om lokale folk og amatørar skal bestemme skrivemåten av namna. For gards- og bruksnamn gjeld spesielle reglar. Eit offentleg namn skal godkjennast av ein fagleg instans, sjølv om mange får allergiske utslag av statleg «overformynderi».

I dei fleste tilfelle går det greitt, og eg meiner at namnenemnda i Stryn i samarbeid med namnekonsulenten har gjort godt arbeid med å ta omsyn til «brukarane» sine innspel. Dei har ofte vunne fram.

Det er ille at Inge Fænn snakkar ned Språkrådet i rein frustrasjon over feil behandling av tre stadnamn, ein institusjon som er kommunen sin samarbeidspartnar i slike saker. Feil er beklageleg, men det går an å rette opp. Stadnamnkonsulenten i Vestland behandlar titusenvis av namn. Ein fagmann som gjer ein solid jobb, fortener ikkje å bli uthengd på denne måten.

Kristian Solvang