Som medlem av den kommunale namnenemnda er det interessant å fylgje diskusjonen om Guddalsvegen/Gutdalsvegen.

Eg til liks med fleire andre i namnenemnda, meinte vi skulle bruke Guddal. Diverre nådde vi ikkje fram hjå dei lærde i språkrådet.

Mogeleg at vi har sove i timen både namnenemnda, kommunestyret og folket i Guddal, men slik står saka akkurat no.

Eg er samd med det redaktøren i Fjordingen seier på leiarplass om at dersom alle på Guddal meiner at Guddal er rette nemninga, bør det svært gode grunnar til for at namnet skal bli endra.

Om Kartverket vil sjå på saka på nytt etter dei innspela som er komne, får vi vente og sjå. Med bakgrunn i andre diskusjonar vi har hatt, er eg ikkje optimist.

Utgreiinga til Kristian Solvang som tilsvar til Rolv Guddal er nok 100 prosent korrekt ut i frå boka. Dette kan han mykje om, men eg tek likevel sjansen på eit lite spørsmålsteikn til det som er sagt i siste avsnitt av utgreiinga. «I stadnamnlova står det at ein skal ta utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen».

Solvang meiner at dei som har gjort vedtaka har gjort berre jobben sin. Ja, har dei det?

Akkurat her er vi nok ikkje på linje. Med utgangspunkt i det som er sagt om den «- nedervde, lokale uttalen» er svaret mitt nei. Dei har i alle fall ikkje gjort den delen av jobben som går på å lytte til lokalkunnskap.

Eg er fødd og oppvaksen på garden Fænn. Eg veit at det stod Fen i Bjørgvin Kalvskinn på 1300-talet, og at namnet skal kome av det skotske ordet for myrlendt område. No står det Fen på dei nye karta utan at det har vore korkje i namnenemnda eller i diskusjon med oss som bur her.

Dei som er på reisefot i dag, har ikkje Bjørgvin Kalvskinn for handa. Dei brukar GPS, men søkjer dei på Fænn er det ingen reaksjon. Det vil ta tid før folk oppdagar at dei må inn på kartet for å sjå at dei må skrive inn heilt andre namn enn det dei trudde. Namn som dei ikkje kjenner til, og som dei ikkje veit skrivemåten på.

Nabogarden vår, Dybevoll/Dybevold har blitt Djupvoll, og då er vi langt frå den «nedervde uttalen». Her i bygda har vi alltid sagt Jyvall, og vil framleis seie Jyvall. Eldstemann på garden var «gamlejyvaljen». Namnet skriv seg ikkje frå ein djup voll slik språkrådet trur. Garden ligg på ein voll att med eit lite jøl. Inn på jølet som vi seier til dagleg. Det er også bakgrunnen for namnet slik vi kjenner det.

Og heilt til slutt. Jau, det kan nytte å protestere. Under eit møte i namnenemnda oppdaga eg at sætra vår, Grendasætra, var blitt «Grendal seter». Grendasætra har lang tradisjon, og har namn etter gardane som har hatt samlenamnet og også postadresse Grenda. Folk i Markane seier opp i Grenda og inn i Grenda alt etter kvar dei bur. Det stod også Grendasætra på karta.

Bakgrunnen for den nye vrien var truleg ei undersøking frå 1937. Ein akta mann i Stryn skulle registrere sætrane i kommunen. Han kom aldri opp i Grenda til dei som hadde hatt sæter langt tilbake i tid. Han stogga på garden Dale som fekk rettsleg vedtak på å bygge sel og fjøs på Grendasætra på 1700-talet. Svaret han fekk var Dalesætra, og også at det var slutt på sæterdrifta i 1935.

Hadde han gått opp i Grenda ville det korrekte svaret blitt Grendasætra og sæterdrift til 1948. So langt kom han ikkje.

Språkrådet fann at når det var brukt både Grendasætra og Dalesætra måtte det rette bli «Grendal seter» sjølv om sætra ikkje ligg i eit dalføre, og Grendal er eit namn som ikkje er nemnt i nokon samanheng.

Protesten vart teken til fylgje, men det vart ei papirmølle. Saka måtte også inn om kommunestyret. «Dei vise skal forville verda», brukte bestefaren min å seie når det var noko ekstra som han meinte var litt gape. Hadde han sett denne diskusjonen, hadde han nok brukt det på nytt.

Inge Fænn