Det har vore nokre innspel rundt vegnavn til Guddal/Gutdal den siste tida. Det ser ut til at dette er noko som engasjerer fleire enn dei som bur på den aktuelle adresseparsellen.

Nyleg kom vedtaket om at den skal kallast Gutdalsvegen. Dette til tross for at utvalspolitikarane og eit samla ungdomsråd ønskjer å kalle parsellen for Guddalsvegen. Vi forstår bakgrunnen for deira vedtak då det er Statens Kartverk som har vedtaksmynde på gards- og bruksnamn og sidan det har vore namnesak på dette tidlegare, og stadsnamnet Gutdal ikkje vart påklaga.

Her burde vi vore meir årvakne på følgjene då stadnamnsaka Guddal/Gutdal var oppe. Dette må vi ta sjølvkritikk på. Vi tok nok ikkje heilt inn over oss konsekvensane av stadnamnsaka, samstundes var det også ei viss redsle for å øydeleggje saksgangen på å endeleg få ei adresse for seg sjølv og for andre.

I ettertid så føler vi at denne namnesaka rokkar ved identiteten på garden og dei som høyrer til her i dag. Visst har Guddal hatt fleire namn opp gjennom tidene, slik som så mange andre stadar har, og visstnok så seier vi «opp i Guttala» på folkemunne. Det verkar å vere fleire som har gjort grundig research på dette, og det er gode argument frå begge sider.

I det store bildet så er det kanskje ikkje så nøye om ein skriv vegadressa med Gutdal- eller Guddalsvegen. Sånn sett kan den like gjerne heite «Rosevegen» som spøkefullt vart foreslått i møtet til utval for samfunnsutvikling.

I slike lokale namnesaker er det vel dei som er direkte berørt det har mest betydning for. Om vi då føler at identiteten til oss og garden her er Guddal, så synst vi garden burde få fortsette å heite det. Staten, ved Statens vegvesen, har i ei årrekke også skilta mot Guddal ved rv 15, og på Guddal er vi samrøystes einige om at det er det namnet vi ønskjer garden skal ha, derav også Guddalsvegen.

Om det er slik at det er uttale av stadsnamn som skal vektleggast mest ved namnesaker, so blir nok ikkje stat og kommune arbeidsledige med det første. Slik vi les i lovteksten står det mellom anna at: «Det skal leggjast særleg vekt på ønskje til eigaren når saka gjeld bruksnamn».

Med det ønskjer vi at Statens Kartverk og Stryn kommune gjennopptek namnesaka på Guddal og dermed også Guddalsvegen.

Elles står det at: «Skrivemåten av slektsnamn skal ikkje påverka skrivemåten av stadnamn». Med tida vil vel også etternamnet eller identiteten Guddal forsvinne med forandringa av gardsnamnet. Vi som bur her i dag har heile tida tenkt at vi kjem i frå garden Guddal og at det er difor vi har Guddal til etternamn. Vi føler det blir feil at vi skal heite Guddal og kome frå Gutdal, vi ønskjer at barn og barnebarn skal kunne bruke vårt etternamn Guddal som sitt etternamn og fryktar at denne namneendringa på garden i praksis vil føre til endra slektsnamn på sikt.

Staten ønskjer å eige gardsnamnet vårt, men det er ikkje lenger ønskjeleg at det skal vere kommunal veg mhp utgifter. Dette medfører at vi må dekkje alt av brøyting og vedlikehald på vår private veg. Då er det kanskje nærliggande å tru at vi også skulle kunne få bestemme vegnamnet. Vi innstiller på at adressa skal vere Guddalsvegen og henstiller dermed stat og kommune om å støtte oss i namnesaka på Guddal når vi no ber om gjenopning i gardsnamnsaka.

Grunneigarane på Guddal